Etter ein fin sesongstart med gode prestasjonar og fin formstigning klarte me ikkje å innfri dei forventingane me hadde til NM-helga på Røros. Ingen plasseringar topp 30 er ikkje noko me føler representerer oss hverken individuelt eller som lag.
![10881497_761832097230714_383035984827671405_n]()
Me veit det er tøff konkurranse når alle dei beste stiller til start i eit norgesmesterskap, me veit me må vera i topp form og ha ein god dagsform i tillegg for å kunne hevde oss heilt der oppe. Dette klarte me av ulike grunnar ikkje å få til denne helga.
At me ikkje er i toppform til «rett tid» er mitt ansvar. Det er også mitt ansvar å få toget tilbake på skinnene igjen.
Det føles kjipt å skrive ei oppsummering frå den helga me håpa på fullklaff for samtlege, der faktisk det stikk motsette viste seg å bli evalueringsgrunnlaget.
Slik er idretten vår. Små og store marginar som slår inn og ut frå helg til helg. «Regression to the mean» gir sitt utslag også i toppidretten. Det er dette me må bygge vidare på! Me veit me er godt nok trena for dette nivået. Teknisk er me sterkare enn før og ikkje minst har me trent opp ein sterk rygg for å kunne bera slike nederlag i løpet av ein konkurransesesong.
Me har snakka mykje om evna til å slå tilbake etter skuffelsar. Det er tida for det nå. Ta eit magadrag, ta ei samling i botn, ta eit skippertak, ta dei neste mulighetene som byr seg. Det er dette som gjer livet i idretten interessant – muligheten for å komme tilbake når alle meinte og trudde me låg nede for telling!
Eg veit kva som bur i desse gutane. Eg veit også kor godt dei jobbar for å komme seg til toppen. Eg veit også planane deira for å komme tilbake dit me vil vera – i toppen!
Eg er også sikker i min sak: Me vil lykkast!
Samtidig vil eg få gratulere alle andre NM-deltakarar som fekk klaff denne helga på Røros!
Oppdals stafettgull på jentesida med tre søstre Slind er ikkje mindre enn imponerande! Det er også meget gledeleg at tidlegare Team Synnfjell-junior Hans Krister Holund får sin vel fortjente opptur denne sesongen og leverer resultater på linje med dei aller beste! Det motiverer og gir frisk medvind for alle andre som satser og føler at ting butter litt iblant – Holunds tålmodighet og comeback er inspirerande!
Ellers ser det ut til at VM i Falun kan vente seg eit Northug show som saknar sidestykke…
Eg vil også nytte anledningen til å gi ein stor oppmerksomhet til vår langløpskvinne Tone Sundvor som i skrivande stund bærer ungdomstrøya i Ski-Classics! Det er veldig kjekt å sjå pressekonferanser med Tone på podiumet saman med resten av langløpseliten! Håper dette inspirerer til fortsatt trening og satsning. Også ein stor takk til foreldrene til Tone som stiller opp og støtter ho på konkurranser, det er uvurderlig hjelp. Lykke til vidare Tone – me heier på deg!
Kort oppsummert;
Team Synnfjell kjem sterkt tilbake!
Frank Heggebø
Hovedtrener, Team Synnfjell