Imorgo brakar eit av langrennssportens største høgdepunkt igong. 3. januar går prologen av stabelen i tyske Oberstdorf med Team Synnfjells britiske landslagsløpar – Andrew Young!
Andrew Young stiller i litt meir vinterleg bekledning i Tour de Ski imorgo
Andrew kan rapportere om gode snøforhold i den tyske skimetropolen Oberstdorf, med 50cm nysnø som danner grunnlaget for 4km prolog i fri-teknikk. Ei løype på 2 km skal gåes to gonger. Andrew håper på eit godt gjennomført løp og at dette skal materialisere seg i ein fin start på 2015.
Dagen etter prologen følger ein 15km klassisk jaktstart i Oberstdorf basert på lørdagens prologtider.
6. januar forflytter heile TDS-sirkuset seg til Dario Colognas heimby – Val Mustair, der ein sprint i friteknikk står på agendaen. Dette er også ein særs fin konkurranse for den raske briten, som i Davos før jul viste at mellomhøgde og skøytesprint er noko han beherskar bra med sin 20.plass!
Me kryssar fingrane og ønsker Andrew lykke til! Håper dette blir ein god start på 2015 for både han, det britiske laget, Team Synnfjell og den norske Tour de Ski troppen!
Program og tidstabeller for dei ulike distansane finn du via linken nedanfor. NRK sender tour de ski i sin heilhet, så kok deg «a nice cup of tea» og hei Andrew samt dine eigne favorittar fram gjennom den komande veka.
http://www.langrenn.com/tour-de-ski-2014-2015-program.5591572.html
Teamet ønsker deg lykke til Andrew!!!